Gå til hovedinnhold

Erling Stordahls ærespris

I 1994 opprettet regionområdet og næringslivet i Valdres et fond med en grunnkapital på kr 100.000,- på bakgrunn av at de ønsket å hedre Erling Stordahl for det arbeidet han hadde lagt ned for kommunen. Rentene av fondet brukes til en «Erling Stordahls Ærespris».

Prisen skal gå til en person med en syns- eller bevegelseshemming.

Prisvinneren skal ha oppnådd særlig gode resultater innenfor ett eller flere av områdene idrett, kultur og /eller kunst.

Nominasjon Erling Stordahls ærespris:

Dersom du ønsker å nominere noen til Erling Stordahls ærespris skriver du hvem du ønsker å nominere, og en begrunnelse for dette innen 1. februar til mail@ridderrennet.no

Juryen består av:

Ordfører i Øystre Slidre kommune, direktør på Beitostølen Helsesportsenter og styreleder i Foreningen Ridderrennet.

Vedtekter for fondet:

1. Føremål
Fondet vart oppretta i 1994 med ein grunnkapital på kr. 100.000,- med føremål å dele ut
stipend til utøvarar som har gjort ein sers god innsats, eller vore serleg aktiv innan idrett,
kultur og kunst lokalt , nasjonalt og /eller internasjonalt.

Organisasjonane / bedriftene bak fondet er :
• Valdres Sparebankgruppe 20.000,-
• Beitostølen Utvikling 15.000,-
• Øystre Slidre kommune 15.000,-
• Valdres Natur- og Kulturpark 15.000,-
• Valdres Destinasjon AS 10.000,-
• Øystre Slidre Næringsforening 15.000,-
• Flytrafikk Valdres AS 10.000,-

2. Forvaltning
Grunnkapitalen skal stå urørt i Øystre Slidre Sparebank som gjev fondet ei rente på ½ % over
beste rente på ordinært vilkår.
Øystre Slidre kommune ved kommunekassa står for rekneskapen til fondet og ser til at
denne blir revidert.

3. Fondet skal ha eitt styre på 3 personar
– 1 vald av bidragsytarane til fondet – som skal vera leiar . Ordføraren i Ø Slidre er ansvarleg for å arrangere valmøter.
– 1 vald av styret for Ridderrennets Venner.
– 1 vald av styret for Beitostølen Helsesportsenter.
Kvar av styremedlemmene skal ha ein personleg vararepresentant . Valas gjeld for 4 år .
Representanten for bidragsytarane blir første gong vald for 2 år slik at leiar ikkje er på val
same år som dei andre to representantane.

4. Oppgåver for styret
a) Styret er ansvarleg for tilsyn av fondskapitalen til fondet
b) Styret er jury for og ansvarleg for utdeling av Erlings Stordahl Ærespris»
c) Styret kan foreslå og vedta endringar av desse vedtektene i samsvar med pkt 6.

5. Statuttar for «Erling Stordahls Ærespris»
5. a. Rentene av fondet skal årleg nyttast til Erling Stordahls ærespris. Fondkapitalen
skal ikkje bli redusert.
5. b. Prisvinnaren skal vera syns -eller rørslehemma og vera aktiv innanfor idrett
eller kultur eller kunst. Prisvinnaren skal ha nådd særleg gode resultat innanfor eitt
eller fleire av områda : idrett -kultur – kunst. Innsats lokalt , nasjonalt og
internasjonalt er i prinsippet sidestilt.
5. c. Prisen skal delast ut årleg og under avslutninga av Ridderuka
Styret avgjer kva form og innhald den årlege prisen skal ha
5. d. Rett til å fremja kandidatar overfor styret har styrande organ for dei
organisasjonane / bedriftene som står bak fondet, Ridderrennets Venner ( RRV),
Beitostølen Helsesportsenter , Noregs Handicapforbund, Noregs Idrettsforbund og
Noregs Blindeforbund. RRV har ei aktiv rolle når det gjeld prosessen med å få fram
kandidatar til prisen innanfor alle dei tre områda i føremålet : idrett / kultur/kunst.
5. e. Ridderrennets Venner har sekretariat funksjon for dette og dei har forslagsrett

6. Endring av vedtektene
Endringar av desse vedtektene skal styret kunne gjere med vanleg fleirtal. Det krevst at
leiaren stemmer for endringa.
Styrande organ for dei 7 bidragsytarane til fondet skal med frist på ein månad ha rett til å
uttale seg om endringsforslaget.

Utdelte priser

 

2019 Bedir Yiyit
2018 Ikke utdelt
2017 Ikke utdelt
2016 Ulf Nilsen
2015 Ikke utdelt
2014 Harald Vik
2013 Hans Anton Ålien
2012 Britt Mjaasund Øien
2011 Gunleik Bergerud
2010 Marian Vestbøstad Martinsen
2009 Karin Endsjø
2008 Magna Jenssen
2007 Ikke utdelt
2006 Arne Christensen (Dan)
2005 Olai Myklebust
2004 Tone Gravvold
2003 Magne Lunde
2002 Ikke utdelt
2001 Anne Mette Bredahl
2000 Harald Guldahl
1999 Ragnhild Myklebust
1998 Terje Løvaas
1997 Anne Margrethe Lund
1996 Ketil Moe
1995 Cato Zahl Pedersen

Våre partnere

Se alle